Dalekunst har alltid vore opptatt av design og redesign.  Naturleg nok sidan Dale of Norway er ei kjend merkevare og har sin produksjon her. Difor har mykje av arbeida våre innan design vore knytta til denne bedriften.  Ellers har me opp gjennom åra laga mange installasjonar frå ting ein ikkje umiddelbart tenker på som kunst.  Her er nokre eksempel.

Gamle klokkespel av tre vert ein talofon.

Her har me fått tak i nokre gamle syklar.

Me fann nokre gamle utstillingsdukker i kjellaren på DON, dei måtte jo på utstilling.

Eller ei veske?

Gamle korpsinstrument får nytt liv, men lyden var grusom.

Gamle vindu og ein kasse med skrot vert ein fin installasjon.

Så var det å få hjulet til gå rundt.

Gamle dalegenserar får nytt liv.

Eller kanskje etpar sokkar, eller er det vottar?

Og kor skal ein blåse i dette instrumentet?

Gamle lydbandspelarar vart gitt ny innmat og lagar rare lydar.

Skrot for nokon, kunst for andre.

Som pute.

Ane i arbeid med rester frå DON.

Ein barnesykkel får nytt liv med ein høgtalar på, og som vanleg laga det heile ein stygg lyd.

I 2014 laga me ein fotoserie i det gamle fabrikklokalet der me fekk låna ein del kle av Dale of Norway, dette vart miksa saman med ein del retroeffekter og kle frå 60 og 70-talet som Maya ser ut til å eit utømelig lager av.  Her er nokre bilete frå dette.

08a

15

29

I 2015 vart fargeriet på DON avvikla. Me vart spurt om me ville komme ned og dokumentere dette på ein eller annan måte før alt vart demontert.  Dette vart gjort med kortfilmen "The monster" og ein fotoserie der me tok utgangspunkt i maskinane og utrykk ifrå ulike tidsepoker og klede.  Her ser du nokre av desse bileta.

Du finn og bilete frå dette i fotomappa på dei respektive årstal.