2012

Dalekunst vart starta vinteren 2012 på trappa på Spar Dale då 3 lett forvirra unge menn i sin beste alder bobla over av gode og dårlege idear.  Morten Skage, Charles Lunde og Jostein Vasstveit jobba allereie saman gjennom skule og kulturskule. Dei hadde fått nokre sprøe idear om å lage rocka fabrikkunst som seg hør og bør på Dale.  

Me hadde ein del sprøe idear og eit namn, noko så enkelt som Dalekunst då me meinte at Dale måtte vere med i namnet. Me mangla lokaler og penger til å starte opp.  På same tida hadde kultursjefen prosjektmidler frå staten men ikkje noko prosjekt.  

Morten laga ei prosjektskisse då han hadde erfaring med dette gjennom musikken.  Norsk kulturskuleråd tende på ideen og gav oss midler til å sette i gong. Vaksdal vart då ein av 3 kommunar i landet som vart plukka ut til å drive pilotprosjekt innan kulturskuleprosjekt/entrepenørskap.  Det unike i vårt prosjekt i forhold til dei to andre kommunane var at me hadde eit samarbeidsprosjekt skule/kulturskule.  Dette gjorde vårt prosjekt unikt som det einaste i landet.

Me ordna oss lokaler gjennom Arild Stamnes i Dale fabrikker som tende på ideen og gav oss toppetasjen i gamle ullvarefabrikken. Den såg så herja og herpa ut at den var perfekt til vårt formål om å lage rocka industrikunst.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Morten første riggedag.

Dorthea si oppgave 036 

Platene er komne.

Dorthea si oppgave 068

Vegger vart laga.

Det første ungdommane måtte gjere var å reingjere lokalet og gjere det klart for rigging. Det tar litt tid og var fryktelig støvete å fjerne 30 år++ med drit. Reisverket til platene me skulle male på vart montert opp i løpet av ei helg.  Plater vart bestilt hjå Dale trelast og vart levert i grevens tid ganske kort tid før utstillinga. Ein del ungdommar som hadde fri den dagen stilte opp og skrudde opp alle platene og mala desse. Utan denne innsatsen frå desse hadde me hatt problemer med å få gjort lokalet klart.  Me hadde då 14 dagar på oss til utstillinga skulle vere ferdig.  Ungdomane som då gjekk i 10.klasse flytta inn i den gamle fabrikken og omtrent budde der og arbeidde i to veker. 12-14 timars arbeidsdagar for desse var ikkje uvanleg. Me fekk og hjelp frå elektrikarar og foreldre som stilte opp og hjalp oss med alle mulige detaljer.  Lokalet vart klart same morgon me hadde annonsert stor opning med prominente gjester frå norsk kulturskuleråd og representantar av alle slag frå vår kommune.

Høgtideleg opning med snorklypping, eller saging si me ikkje hadde saks men ei sag.

Siste innspurt.

Talofon-c

Talofonen vart ein stor suksess.

2013

Utstillinga dette året vart halde på same plassen, altså i fabrikken.  Dette året var me utan støttemidler frå staten men me forbanna oss på at Dalekunst skulle bestå, dette innbar nok ein del dugnadsarbeid, men ein hobby skal ein jo ha.  

Ungdommane måtte starta på same måten som forrige år, med ei solid opprydding.  Gamle ting skulle ut og nye ting skulle inn. Me fekk inn eit elektrisk skap som gjorde straumsituasjonen meir stabil og lettare. Same malen på oppsettet i hallen vart brukt då dette stod klart.  Me trengte kun å fokusere på det som skulle stillas ut. Dette gjorde at tida fram mot utstilling ikkje vart så intens med tanke på rigging. Elevane arbeidde med sine ting på skulen for så å flytte dei ned i utstillingslokale i dagane før opning.  Også dette året var det i hovedsak avgangselevane som hadde ansvar for utstillinga og arbeidde med dette våren før avgang.  

Temaet for utstillinga også dette året skulle vere streetart/industrikunst.  Me fortsette det gode samarbeidet me har med DON og dei stilte deira produkter til disposisjon for våre installasjonar og me fekk som me alltid gjer bruke deira lokaler til film og fotoopptak.  Nytt på skulen dette året var at me hadde fått valfag, spesielt valfaget "Produksjon for sal og scene" byrja å spele ei rolle i Dalekunst.

Ei solid opprydding måtte til.

Den første gruppa i valfaget "Produksjon for sal og scene".

Dette året kom og DON sine fabrikklokale på veggen.

Dette året kom og Daniel Tetoka med som vår graffittiekspert. Og mange ungdommar oppdaga at det er ikkje bare å finne seg ein sprayboks og dure på, dette må læras og øvas på som alt anna.  

Mykje av oppsettet var det same som året før, mykje av arbeidet som var gjort på murvegger vart behalde, som t.d. logoen vår og motiva av fabrikkbygningane.  Tanken bak dette var at noko i Dalekunst skal vere konstant mens andre ting skal vere i endring.  Logoen vår er eksempel på dette, den har fulgt oss gjennom alle åra og skal følge oss vidare.  

Dette året skulle me gjere oss ein del erfaringar som kom til å følgje oss vidare. Lokalet vårt nede i fabrikken var vanskelege å opphalde seg i over lengre tid.  Det var ikkje vatn og straum permanent. Mange og lange trapper opp samt utan sanitære anlegg. Samtidig er dette lokalet så unikt at me ville halde fram med å bruke det i ein eller annan form.

Organisatorisk gjorde me oss den erfaringen at streetart er ein kunstform ein må arbeide med over lengre tid for å få det bra til, det vart hektisk å ha både opplæring og arbeid med kunsten så seint i skuleåret.

Daniel og elvar i arbeid med graffitti.

Talofonen er også med iår.

Frå utstillinga.

 

2014

Dette året gjorde me ein del forandringar i opplegget vårt.  Me valde å halde utstillingsdelen på skulen då det var mykje lettare å organisere.  Utstillingslokale stod klart i gymsalen, filmframsyning var bare å trykke på knappen i auditoriet, kafe stod klar og det var høvelege sanitærforhold.

At me og vart spurt om å dekorere veggene på skulen med høveleg kunst gjorde at me gjorde og den som ein del av utstillinga.  Fabrikken vart ikkje gløymd, den vart brukt til foto og filmopptak med framifrå resultat.  Av andre ting me forandra på var at me flytta undervisninga i streetart til oppstarten på skuleåret slik at ein fekk betre tid til å la idear modnast, dette fungerte betre.

Ei anna positiv overrasking dette året var at me fekk ansatt Sarah på 3 månaders engasjement gjennom NAV berre for å arbeide med Dalekunst.  Sara var utdanna medidesigner og hadde erfaring frå arbeid i tysk tv og masse erfaring med foto og filmproduksjonar.  Sarah var utrulig dyktig og veldig strukturert, me lærte alle veldig mykje av ho. Elevane hugser enno den mest kjende replikken hennar: "Vi tar det en gang til."

vlcsnap-2014-05-08-18h01m32s91

Sarah i sving med innspelinga av kortfilmen "The last of us".

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sal og sceneelevar på fotooppdrag.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein litt meir rocka versjon.

Dette året gjorde og elevane i valfaget "Produksjon for sal og scene" for alvor sitt bidrag til Dalekunst.  Fotoserien me laga med Dale of Norwayprodukter var fantastisk.  Elevar frå dette valfaget var og med og laga kortfilmar saman med 10.klasse.  Ei utfordring når du går i 8.klasse men elevane gjorde ein legendarisk innsats.  

Spesielt hugser mange filmopptaka til kortfilmen "The last of us".  Filmen er bygd på utvalde scenar av dataspelet med same namn.  Ein kuriositet er at når eit teater i Los Angeles seinare skulle setje opp eit teaterstykke med nokre av scenane valde dei akkurat dei same som me gjorde.  Alle som var med hugsar dei kalde kveldane i fabrikken med kulde, lyskasterar, ekstra boblejakkar, kunstig blod i litervis, våpen,ekte og uekte i tonnevis og opptak om att og om att.  Men me lærte utruleg mykje om filmproduksjon i denne perioden, takk igjen til Sarah.

Det vart og eit hyggelig gjensyn med Henrik Olsnes som var med på Dalekunst 2012 som viste fram fotoutstillinga si som han hadde arbeidd med på vidaregåande.  Me hadde og ein liten kafe der besøkjande kunne få seg ein kopp kaffi og kunstpannekaker.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kunstkafe

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kreativ og grisete plakatlaging.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Elevane som har Produksjon for sal og scene som valfag.

2015

Dette året heldt me fram med å dekorere veggjer på skulen. Utstillingsdelen gjekk etter same mal som 2014.  Me hadde eit oppdrag for DON i høve opninga av deira besøksenter.  Me laga ein kortfilm frå lokala der fargeriet heldt til, dette vart lagd ned denne våren.  Me laga og ein fotoserie frå lokala med kostymer frå ulike tidsperiodar. I tillegg laga me ein liten kinosal og viste fram kortfilmen vår for dei besøkande på Daledagane.

Me starta og så smått med få opp motiver i Dale sentrum, me starta med undergongen ved Blåveisen. I og med at me hadde meir og meir oppdrag utanfor skulen måtte og elevar frå dei andre trinna på skulen bidra meir i opplegget.

Frå kinosalen me laga på DON.

Frå dekoreringa av undergongen ved Blåveisen.

Framleis er det ledige vegger på skulen å mala.

Me hadde og dette året 2 filmoppdrag for Vaksdal kommune. Eit var å filme ei katastrofeøving kommunen heldt for å vise dei ulike etatane sit arbeid når det skjer trafikkulykker. Denne filmen skulle etatane bruke når dei sette seg ned i etterkant og evaluerte øvelsen.  I tillegg skulle me lage ein kortfilm rundt temaet der me og dramatiserte ei ulykke.  Me ville og bruke filmopptak frå øvinga i kortfilmen me skulle laga seinare, dette innebar at Maja som skulle spele hovedrolla i denne måtte vere med på øvinga.  Alt dette var ein del av kommunen sitt arbeid for å bli ein meir trafikksikker kommune.  Det andre oppdraget var å lage ein kortfilm angåande kommunen sitt arbeid med å gjere "gatå" på Dale meir funksjonell for rullestolbrukarar og liknande.

Filminga av øvelsen vart gjort av elevar frå 10.klasse mens kortfilmane vart laga av elevar frå valfaget Produksjon for sal og scene.  Kortfilmane vart laga i august-september og skulle vere klare til å visas på konferansar om desse tema i november.  Det vart og i det høvet laga ein dokumentar som viser korleis ungdommane har arbeidd med temaet.

I tillegg skulle me laga streetartmotiv med trafikktema som skulle på vegger i Dale sentrum.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Frå øvelsen på skuleplassen under Daledagane.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Maja under øvelsen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Maja sminka og klar for opptak til kortfilmen.

2016

Dalekunst hadde no utvikla seg frå å vere ei rein utstilling til å bli meir og meir arbeid på oppdrag og ute i det offentlige rom.  Slik vart det tidlig klart at utstillingsdelen vart tona litt ned og arbeid ute "blant folket" prioritert.  Streetartmotiva me hadde lova under trafikksikringskampanjen året før kom opp i området ved heradshuset denne våren.

Det første oppdraget hadde me ved å lage kunstfilmar som skulle brukas som visuelle kulisser under konsertar i kulturskuleveka.  Me tok og denne våren tak i redesign som tema.  Me fekk tak i ein del gamle og kasserte korpsinstrument som ein laga rare installasjonar av.  På utstillingsdelen på Daledagane vart desse eit av hovedtema saman med korpshistorie frå kommunen.    Samtidig var det ennå vegger å fylla med streetart på skulen.

Denne våren hadde me og besøk frå ungdomsskulen i Samnanger som ville sjå korleis me gjorde ting og få inspirasjon.

Trafikkmotiv kjem på plass.

Ulike instrumentinstallasjonar på utstillinga.

Alle med respekt for seg sjøl har eige flagg.

Denne våren tok me og opp igjen graffittidelen for fullt.  Nokre elevar vart plukka ut til å gjennomgå eit kurs med Daniel som er vår ekspert på dette.  Den gamle fabrikkhallen vart no rigga som øvingslokale og brukt som det.  Me fekk som oppdrag å dekorere ei side i ein fotgjengarundergong på Stanghelle. Etter å fått alle formaliteter iorden med kommune og vegvesen var det berre å starte planlegginga.  Arbeidet ville me gjere om natta slik at me kunne arbeide uforstyrra og det er no ein gong slik at graffittarbeid skal no gjerast på den tid av døgnet.  Natt til 28.mai vart sett av og spraymaling vart bunkra.  Alle som var med vil nok hugsa denne natta lenge.

Me fekk og endeleg starta med å dekorere skulen på utsida.  Der vil me bruke graffitti og tekstar av Olav H. Hauge.  Det er blitt slik etterkvart at Dalekunst er blitt eit meir heilårsprosjekt og ikkje berre ei utstilling.  Det gjer at elevane vil arbeide jamt heile året med prosjektet og ikkje så intensivt på slutten som det har vore.

 

Arbeid i undergongen på Stanghelle.

Arbeid med vegg til utstillinga på Daledagane.

Inngangspartiet på skulen.

August dette året bestemte Daniel og Jostein seg for å satse endå meir på opplæring av ungdomar innan grafitti. Daniel hadde stor kunstnerisk kompetanse og Jostein god organisatorisk kompetanse.  Sjøl om det var omtrent 30 års forskjell i grafittistil var Daniel høfleg og og karakteriserte Jostein sin stil for solid, sjarmerande 80-talls.  

8 ungdomar fekk spørsmål om dei var interresert i vere med og jobbe med dette.  Alle som vart spurt ville vere med. Me fann ut at me hadde kapasitet til å lære opp 8 stk. Dette har med å få nok tid til alle og kostnadene til spraymaling.  Me starta øvingar i det gamle fabrikklokalet og prøvde å få til ei øving i veka utover hausten. Me prøvde og å implementere dette i skulearbeidet innan faget kunst og handverk.  Mykje av øvinga foregjekk på ettermiddagstid og ungdomane stod på og framgangen lot ikkje vente på seg. Men det krever mykje øving og hardt arbeid å bli gode på ting, det gjaldt sjølsagt her og.

 

Vårt første skikkelige crew, pluss Veronika som ikkje er med på biletet.

På alle øvingar må det lagast skisser først.

Lufta i fabrikklokalet vart blytung av all sprayinga så vernemaske var påbudt.

I september denne hausten fekk me og spørsmål om me ville prøve å lage framsidebilde til ei bok som skulle gjevast ut av lokale forfatterar. Tonje og Elise vart sett på jobben og saman med Jostein starta planlegginga.  Motivet skulle vere Dalehallen og då måtte me finne ut korleis me skulle gjere det for at våre bilder blei best mogleg. Ein kveld i september utstyrte me oss med masse kamera og lysutstyr og rigga oss opp. Me ville ta bileta i overgangen frå dagslys til mørke for å få best mogleg effektar.  Og for gjere ei lang historie kort vart det Dalekunst sitt biletet som pryda forsida til boka "Twist"

Samtidig denne hausten måtte me til Bergen og motta trafikksikkerhetsprisen 2016 for vårt arbeid med kortfilmen "Berre ein augneblink" og våre streetartmotiv på Dalehallen og heradshuset.

Slik vart framsida på boka.

Slik vert Dalekunst kreditert i boka.

Skulen får pris for arbeidet vårt med trafikksikker kommune.

2017

Me oppdaga gjennom denne vinteren at å vere grafittikunstnar kan vere ein kald fornøyelse. Både øvingslokalet vårt og ute var det kaldt. Dette løyste seg ved at me fekk donert varmedressar så kunstnarane heldt seg varme. Broren til Jostein arbeider ved eit sandutskipingsanlegg i Ryfylke som heiter Norstone og er ein del av betongfirmaet Heidelberg cement group. Dei hadde ein del varmedressar dei skulle kassere for dei hadde bl.a. krympa litt i vask. Desse var som skapt for kalde kunstnarar. Og det var vel bare bra at eit betongfirma støtta oss, me bør markedsføre oss saman under reklamen: "You make it, we paint it". Takk og til Ingunn på SFO som raida kjellaren og donerte varmedressar til oss.
Dette året kom det og mange studentar til skulen og nokre av dei studerte kunst og handverk. Desse var med på øvingar og fekk prøve seg på veggene i fabrikken. Sjøl om det var kaldt syntes dei det var storveis moro og ei rik erfaring å ta med seg vidare i utdanninga.

Dalekunst Graffiti Crew - Deler av fotoserie laga til UKM av Selma Oettel Skage

Dalekunst Graffiti Crew - Deler av fotoserie laga til UKM av Selma Oettel Skage

Åsmund underviser studentar.

Denne våren bestemte me oss og for å droppe den tradisjonelle utstillinga på Daledagane.  Me arbeidde mykje med UKM-utstillinga som var på ettervinteren og så hadde me mange ting på gang utandørs, bl.a. visste me no at det skulle byggjast ny skule på Dale og at den gamle skulle rivas.  Me ville då pynta den skikkelig før den forsvant i 2018 (undomskulebygget, barneskulebygget rivast i 2020-21).  Me hadde og teke på oss å oppgradere kunsten i undergongen ved Blåveisen.  Dette arbeidet starta me på opp mot Daledagane dette året.  

Me laga og ein reklamefilm til vårt lokale motbakkeløp Bergsdalen opp.  Me starta og arbeidet med å pusse opp venterommet til busshaldeplassen utanfor Dalehallen så det var nok å gjere fordi om me ikkje hadde den tradisjonelle utstillinga.

Frå arbeidet i venterommet i Dalehallen.

Frå innspelinga av reklamefilmen for Bergsdalen opp.

Skulen er vorte så fin den bør vernas.

I mai dette kom det og forespørsel frå brannvesenet i kommunen om me ville vere med å arrangere ei øving med ei trafikkulukke lik den me var med på i 2015. Dette var me sjølvsagt med på og var med i planleggjinga  frå starten av saman med alle involverte frå dei fleste etatar i kommunen. Oppgåvene våre var i stille med folk som skulle vere trafikkoffer, filme og fotografere samt ordne lyd og gjere klar gymsalen til samlinga der.  Tanken er og å lage ein ny film til haldningsarbeidet  i forbindelse med opplegget Trafikksikker kommune.  Filmmaterialet vil og nyttas av brannvesenet og andre etatar til å evaluere øvelsen.  

Dette er ein spanande måte å arbeide på som me har stort utbytte av.  Det å vise at våre ungdommar som me utdannar innan kunst faktisk har kompetanse som kan brukas i det daglege virke. Så har me så mange engasjerte menneske i denne kommunen som er veldig inspirerande å samarbeide med, spesielt har me fått eit veldig godt samarbeid med brannvesenet og vil prøve å arbeide saman om haldningsskapande arbeid også utanom dei faste øvingane.

Under øvelsen på daledagane hadde me ansvar for filming og fotografering.

Veronika var trafikkoffer denne gongen.

Frå øvelsen.

2018

Det var no klart at det skal byggjas ny skule på Dale.  Det medførte at den gamle skulle rivas. For vår del betydde det at me nærmast fekk frie hender til å dekorere den før rivinga.  Det betydde at skulen no vart mykje brukt til øving og ein nytta og sjansen til å eksperimentere med ulike teknikkar.  Me hadde og ein jobb med å dokumentere alt arbeidet som var gjort gjennom åra og arkivere dette slik at alle kunstverk på vegger, både inne og ute vart lagra.  Mange syntes det var synd at kunsten forsvann, men me i Dalekunst var eigentleg ganske avslappa til dette.  Det ligger i streetarten si ånd, kunstverk kommer og går og har begrensa levetid.  Det vil alltid komme nye vegger å dekorere.  Det vart halde møte om våren med alle involverte og dei som var interessert om korleis det nye uteområdet på den nye skulen skulle utformas.  Me vart einige om at me burde delta der og prøve få oss nokre vegger ute til å utøve vår streetart/graffiti.  Landskapsarkitektane som leia møtet innleia med at dei ville utforme det utfrå to utgangspunkt.  Den gamle og den nye historia til Dale.  Den gamle med tekstilhistoria og strikkemønster, den nye med streetart og graffiti.  Vegger til dette var allereie teikna inn i prosjektet.  Evy og Jostein som representerte oss på møtet fekk så mykje solskin opp i ræva at dei heldt på og lette. Me følte det og som eit kompliment at arbeidet alle ungdomane hadde lagt ned vart lagt merke til og verdsett.  Dette sette dei stor pris på.

Guttekunst på gamleskulen laga med vannballongar.

Øving på taket over bassenget ein kald vinterdag.

Ei siste melding på gamleskulen.

Dette siste året i dei gamle skulebygningane vart me einige om å satse på ei siste stor forestilling i den gamle gymsalen.  Forestillinga fekk namnet "The Last Show?".   Forestillinga skulle setjas opp med eit samarbeid mellom valfaget sal og scene og kulturskulen.  Valfaget som bestod av 50 elevar vart tidleg delt i to grupper, skodespelarar og teknisk gruppe.  Maya og Hege hadde ansvar for manus, skodespelarar og musikk, Jostein og Morten ansvaret for rigging, filming og lyd.  Kulturskulen stilte og med danseinstruktør som tok seg av dansarar.  I slutten av april hadde me tre flotte forestillingar som inneheldt sketsjar, dans og musikk.  Me  filma ein del av sketsjane på førehand og viste dei i forestillinga på stort lerret.  Dette hadde me gode erfaringar med fordi det ikkje vart så hektisk under sjølve forstillinga og skodespelarar og scenearbeidarar fekk litt meir pause til å roe ned.  Forestillinga fekk gode kritikker i lokalavisene og sjølv om me var slitne etter arbeidet var alle og litt stolte av produksjonen og kor bra den vart. Så gjenstår å sjå om det var the last show, men me har ein mistanke om at når nye skulen står ferdig vil det komme "The first Show".

Klar for The Last Show

Talekor med absurd dans gjorde stor suksess.

Likeså parodien på lærarane.

Sommaren 2018 vart store deler av skulen riven for å bygge ny.  Det vil seie at mykje av vår streetart/graffiti no berre er minner.  Me byrjar no på å dekorere den delen som står igjen for å få den mest mulig fargerik til den skal rivas om 2 år.  Me hadde og som vanleg ei vellukka utstilling i regi av UKM.  Me bestemte oss og dette året på å satse på fleire felt.  Me oppretta ei mediegruppe som skulle ta seg av foto/film/dokumentasjon.  Desse deltok på fylkesmønstringa og imponerte stort med sine ferdigheter.  Me starta og så smått med å etablere ei internettgruppe for å ta seg av vår aktivitet på internett og sosiale medier.  Me laga og vår eigen instagramkonto i tillegg til heimeside, facebookkonto og youtubekanal.  I tillegg er me engasjert i kommunen si satsing "Nye fortsettelser" som går på framtidig utvikling av bygdene våre i kommunen vår.  Me vart og spurt om å dekorere inngangspartiet på omsorgsenteret, ei oppgåve me tok på oss med glede og arbeida med på seinhausten. Hausten 2018 bar preg av mykje regn og dårleg ver så det vart mykje øving inne i fabrikken. Men me prøvde best mogleg å utnytta dei godversdagane som var.  Me erfarte og etterkvart at samarbeidet mellom skule og kulturskule fungerer betre og betre.  Me føler no at me er ein enhet og samarbeidet er framifrå.  I juni kom det folk frå alle kulturskular i nabokommunane til Dale for å lære av Dalekunst.  Dei fekk og setje avtrykk etter seg med litt kunst på skuleveggene.  Me hadde nytte av det ved at me fekk knyte nærare kontakt med dei andre kulturskular og skular sidan fleire av dei jobba begge plasser.

Frå UKM-utstillinga

Minner frå gamleskulen

Dalekunst setter farge på omsorgsenteret