Dalekunst
Dalekunst er eit prosjekt i regi av Dale barne- og ungdomsskule i samarbeid med Vaksdal Kulturskule. Prosjektet fekk økonomisk starthjelp frå Undanningsdirektoratet/Ut med kulturskulen, og er unikt i sitt slag. Samarbeidet på tvers av einingar er både av økonomisk, kreativ og administrativ art.
Dalekunst handlar om å ta ungdomskultur på alvor og rettar seg mot elevane på 10.trinn, men og andre ungdommar er involvert. Stikkord for Dalekunst er gatekunst/street art, video, dataspel, virtuell verd.
Kjøp Dalekunst T-skjorte, og ver med på å støtte vårt prosjekt
Kjøp Dalekunst t-skjorte. Som du kan sjå på bileta til venstre er det to ulike t-skjortemodellar og fargar. Den rosa er i damemodell og den svarte er mannemodell/nøytral. Pris for t-skjortene er 150,- kr. Dei får du i ulike storleik.
Takk til modellar Mari Dale Sellevold og Eirik Sigurdson.
Send epost til: jostein.vasstveit@vaksdal.kommune.no